Totalt antall sidevisninger

tirsdag 8. september 2015

Turblogg: Rapport frå Trollheimsmarsjen: I einsam majestet!




Før i tida var det mykje trafikk over fjellet mellom Todalen og Ålvundeid. No til dags er det Trollheimsmarsjen som er kjelde til å gå den strekninga.

Denne rapporten vil bli av det subjektive slaget. Om ein går ein 13 kilometer lang turmarsj i stort sett einsam majestet, må det bli mi forteljing av turen som formidlast. 

Det er ikkje det at det er så bratt, men det går så jamt oppover lia langs ein traktorveg. På denne lange stigninga har eg ein haug med tankar i hovudet, og kjenner eg er irritert for at eg har tatt på meg fjellsko. Terrenget er av ein slik karakter at det hadde vore betre med lettare sko. For å døyve irritasjonen, surrar ein lagra «harddisk» med Violet Road-songar i hovudet på meg. Det hjelper godt på motivasjonen for å gå vidare.
Eit stykke av vegen vekslar eg på med Sivert Børset (8 år) og pappaen Finn Børset om å  vere baktropp. Langt oppe i lia kjenner eg optimismen tar meg i det eg bikkar ein kam, og skjønnar at den verste stigninga er unnagjort. 

Utsikt mot Todalen - kammen er forsert, og verste stigninga unnagjort!
I det blåbær- og kreklinggrensa overtar for maksimumshøgda for mesteparten av busetnaden på Nordmøre, går vegen over til å bli sti, og Ørsalsetra på om lag 500 meters høgd ligg rett fram. Der har Børset-karane matpause, og eg tar selskap med dei, før eg går vidare for å få eit forsprang. Ikkje lenge etter tar dei meg igjen, og frå då av er det eg aleine som dannar baktroppen. Litt lenger opp må eg ha ei ny pause, og då ser eg Finn og Sivert mesta på toppen på rundt 850 meter. Eg tippar dei er minst halvtimen føre meg. Den opprinnelege plana mi å bruke rundt 2 1/2 time opp til toppen, måtte eg plystre ein lang ein etter.

Sivert (8 år) og Finn Børset gjekk turen for første gong.


Opp over skaret her skal eg, men beina kjennes tunge allereie.

Oppover mot skaret kjenner eg beina er blaute. Terrenget er vått og sugande. Då eg sjølv når toppen, markerar eg det med å skifte sokkar og ta på regnbuksa. Alle teikn tydar på at det er regnveret som vil vinne vèrkampen. Merkinga langs løypa er så god, at eg kjenner meg trygg på at eg skal finne vegen om skodda overmannar meg på turen. 

Kjerringvatnet i sikte. Eg har bikka toppen, og er på veg nedover.
Ved Kjerringvatnet søker eg ly på trappa til ei hytte for å få i meg meir mat, og i det eg kikkar opp skaret eg kom nettopp ned frå og ser skodda komme sigande, ser eg tre menneske komme i forkant av skodda. Så var eg altså ikkje aleine som baktropp likevel!
Medan eg må gå oppover igjen eit stykke før eg startar på nedfarten til Ålvundeidet, kjenner eg på dei blaute føtene. Knappast ein millimeter er tørr, men trass alt er eg blaut, men varm på grunn av at det var ullsokkar. Betre det enn blaut og kald. Eg er glad eg har fjellsko på meg – det kjennes stødigare ut når dei rundt 600 høgdemetra ned til Eidet skal tilbakeleggast. Det eine kneet mitt slår seg vrang, og einaste råda er å gå sakte og med museskritt.

Rennsetvatnet og Ålvundfjorden - hadde himmelen vore klår, kunne ein sett
fleire mil utover.
Fjellfie! Kosta på meg eit lite smil då eg fekk auge på Ålvundeid :)
Ålvundeid i sikte! Berre rundt 600 høgdemeter ned igjen...
Turen ned til Ålvundeid går langs skiheistraseen.
Du verda kor kjærkomment det var at denne baktroppen tok meg att!
Frå venstre Kjellrun Hoås Gannestad, Anne Grete Fostervoll Lie og
Lars Erik Virum.

Eit stykke nede i skibakken tar baktroppen meg igjen. Eg kjenner eg letnar av å få selskap resten av turen, og først i det eg kjem inn døra på idrettshuset, streikar foten heilt. Eg greidde det – 13 kilometer i nokså einsam majestet!


Ingen kommentarer:

Etiketter