Totalt antall sidevisninger

onsdag 28. oktober 2015

Det handlar om å bry seg

I haust har eg fått jamnlege oppdateringar frå Facebook om kva eg har skrive på veggen min tidlegare år. Heldigvis har dei skåna meg frå alt grugget frå tida eg var kreftsjuk.

Ein ting dei ikkje skånar meg for, er dei meldingane i dei månadane som var etter at eg vart åleine. I fjor haust, for nøyaktig eitt år sidan, la ein god kjenning av meg ut eit likedan bilde:


Han og eg har lik kalender, og vi har begge opplevd å miste kvar vår ektemake, så vi har nok opplevd akkurat dette, og han hadde så kloke tankar om det å bry seg.
Eg har snakka mykje om det å bry seg. Fordi eg har opplevd det motsette - at folk ikkje har brydd seg.
Som ved ei styring eller heilt tilfeldig (vel det som du synes passar best), har eg ei særskilt hending om akkurat det å bry seg frå denne dagen for tre år sidan.

For å gi litt bakgrunn til utbrotet, var mykje snø ein medverkande årsak til at eg flytta sørover att frå Tromsø. Eg var ein periode sjukemeldt medan eg budde nordpå, og då titulerte eg meg som snøflyktning. Men det var altså eit tilbakelagt kapittel.
27.oktober 2012 ga det seg til å snø. Dotter mi skulle ha overnattingsselskap for å feire 10-årsdagen, og det var mykje som  skulle førebuast. Det passa mildt sagt dårleg med snø den dagen. For meg var det meir enn nok å greie å handtere huset, om eg ikkje skulle ut å måke og. Derfor la eg ut følgande melding på facebook: "Finnes det ETT snilt menneske på Grøa som kan hjelpe meg - dvs ta seg av måkinga her??? E makter ikkje med den, og Ingvild får gjestar kl. 18. Finnes det bare en???" (sjå skjermbiletet). Det var ikkje mykje hjelp å få. Dei fleste skjønte ikkje problemet, og meinte at det var berre å kle på seg og gå ut å gjere det.
Så ringer telefonen. Det var Lone lenger bort i bygda. "Eg kan ikkje hjelpe deg å måke, men er det ikkje nokon vi kan ringe til," sa ho. Så snakka vi att og fram. Lone skjønte korleis eg hadde det. Og då vi hadde snakka litt att og fram, vart vi einige om at ho kunne ringe til pappaen til ei av dei som skulle i selskapet her seinare på dagen. Leif Kåre kom og måka heile innkøyringa, og etter kvart slutta det å snø.


Denne historia har blitt viktig til meg. Den er grunnen til at eg og Lone blei så gode venner. At ho brydde seg då eg trengte det mest, var godt å oppleve då eg kjente meg heilt aleine.
I haust har eg gått nokon rundar med meg sjølv på akkurat desse tinga som handlar om å bry seg. Kanskje fordi dei eg forventa mest av, var dei som svikta tydelegast.

Korfor skal det vere så vanskeleg å vise litt omtanke for andre, spesielt for dei som slit og har det vondt, som har opplevd ting som er vanskeleg ? Korfor kan ein ikkje prøve å gi ei lita oppmuntring?
Eg har snakka fleire gongar om dei som seier at dei har tenkt på meg. Men eg kjente ikkje at dei gjorde det. Eg har ikkje tankens kraft som overfører dei tankane.
Lone si enkle melding på telefonen er noko av det finaste eg har opplevd nokon gong. Fordi det var berre dei enkle orda eg trong: "Eg vil hjelpe deg".
Ikkje ver så redd for å vise at du bryr deg - om det blir litt hjelpelaust, er det betre enn ingen ting!

Eg fortalte denne historia i Aftenposten i sommar i deira serie om å bry seg :)

Ingen kommentarer:

Etiketter