Totalt antall sidevisninger

tirsdag 29. august 2017

Turblogg: Det var verd slitet!

Det er mange vegar som fører opp til Stortuva, som ligg mellom Ålvundfjord og Ålvundeid i Sunndal. Eg har prøvd ein av dei.


Det var herleg å bli møtt av flagg på toppen av Stortuva :)
Viss ein les ymse turomtaler om Stortuva, finn ein ut at det er fleire stiar som fører opp til toppen. Truleg er det nok fem-seks, sjølv om eg veit av berre fire. I boka "Toppturar i Sunndal" av Erlend S. Aarflot og Frode Nerland føreslår dei å starte turen like ved Ålvundfossen, og så gå opp via Ålvundsetra. På vinterstid kan ein komme seg opp via Børsetlia skianlegg på Ålvundeid.
På Moroturs nettside går ruta via Halskammen (som og er stikk ut-tur) og Vardhaugen. Då er turen rundt 6 km kvar veg.
Eg hadde spurt om råd på Facebook, og der fekk eg vite om ein sti eg ikkje visste fantes som gjekk frå ein gard eg ikkje visste fantes.... Nemleg Reinset. Men då vi kom fram, såg eg på postkassa at eg kjende dei som bur der.

Ein ser godt kva veg ein skal når ein står i gardstunet.

Her er Reinset-garden sett frå motsett kant.
Vel. Reinset er ein gard som ligg på strekninga mellom Ålvundeid og Ålvundfjord, og einaste kjenneteikn du har for å vite kor du skal køyre opp, er at det kjem eit litt stort vegnummerskilt på høgre side av vegen, og der går det ein bilveg opp til garden. Vegen går rett over åkeren. Der går det sti som er lett å sjå. Oppe ved skogkanten ser du kor stien fortsett oppover lia, og det er heilt umuleg å gå seg vill: Det er utruleg bra merka heile vegen opp! Mykje skryt til  Kvass/Ulvungen IL for denne omfattande jobben! EDIT: Har fått fortalt etter at eg la ut bloggen at det er eit ektepar i Ålvundfjord som står bak merkinga! All mogleg ros til dei!

Stien er lett å sjå heile vegen, og det er både måla og merka med plastikklokk.

Eit av dei få blaute områda. Det er lagt ned steinar og kubbar å trakke på.

Etter ei stund i oppoverbakke kjem ein til det første målet: Reinsetvatnet på ca 370 meters høgde.

Reinsetvatnet - der var det idyllisk.
Frå Reinsetvatnet var det berre å fortsetje stigninga oppover lia. Stien går stort sett opp og opp samstundes som han slynger seg oppover lia, så ein kliv eigentleg raske høgdemeter. Det gjorde utruleg godt å komme ovanfor skoggrensa. Det er eit bevis på at ein har kome seg eit godt stykke på veg. Då trong eg pause, og sette meg ned omtrent rett i stien! Ei lett pause med kjeks og vatn før nye høgdemeter skulle gjerast.
Det er forresten verd å merke seg at det ikkje er tilgang på vatn på heile turen. Dei bekkane som ein møter på, trur eg ikkje har drikkande vatn, så pass på å ha med nok i sekken.

Frå skoggrensa går stien oppover langs ein lang rygg. På 7-800 meters høgd må eg ha skikkeleg matpause. Det gjorde godt med ein kvil, slik at eg fekk strekt beina - eg var utruleg sliten, og eg begynte å kjenne at føtene ikkje var heilt med. Så eg hadde ikkje gått mange meter etter pausa då eg sa til bror min at eg viss eg skulle greie å kome meg til topps, måtte eg sette att sekken. Då såg vi enno ikkje toppen, men eg skjønte at det ikkje var alt for langt att.

Like ovanfor skoggrensa flatar det ut eit langt parti, og ein stig jamnt og lett.

Det går oppover, men vi ser ikkje målet, nei.

Denne varden står eit stykke oppi. Kan det vere der det heiter Gråurhaugen? Og kan varden vere eit gamalt kommuneskilje mellom Øksendal og Stangvik kommunar?

Det er vel det her som er livet?! Utsikt over mot neste turmål - Flånebba og Smisetnebba.


Wow! Vi ser toppen der oppe! 
Så ser vi altså toppen i det fjerne - etter å ha trudd, eller iallfall håpa at vi såg han tidlegare. Eg hadde kun meg sjølv, slitne bein og eit par stavar å tenke på. Vilja heldt hardt for å komme meg opp, men hadde eg ikkje hatt bror min, Terje, med, hadde det ikkje gått. Då trur eg at eg hadde snudd (og irritert meg i mengder lenge etterpå!).

Gleda var iallfall stor over å kome opp. Vi hadde brukt lang tid, så det var begrensa kor lenge vi kunne vere der, før vi måtte gå ned att. Men fotograferinga og innskriving i stikk ut-boka er viktig - det er ikkje til å komme forbi.
Då var det berre å snu nasen ned att i solskinnet! Turen var fin, stien var fin, kroppen var sliten... Og då eg begynte å nærme meg åkeren på Reinset att, kjente eg at eg var litt vel fornøgd med turar... Iallfall fram til eg får kvilt kroppen :)

Endeleg framme ved varden på Stortuva - 1030 moh - og med nydeleg utsikt.

Panoramautsikt. Langt uti kunne ein sjå Halsa-Kanestraum-ferga på veg att og fram over fjorden.

Utsikt innover mot Sunndal og Nesset. Ein kan sjå Skjorta langt baki der.

Her går stien ned mot Ålvundfjord via Vardhaugen og Halskammen.

Vardhaugen ligg på platået der nede, på rundt 650-700 meters høgd.

Utsikt over mot Surnadal.

Ålvundfjord låg bada i solskinn.

Utsikt mot Flånebba og Smisetnebba.


Viktig å hugse å skrive seg inn i dei to turbøkene på toppen.

På veg ned att, og Reinsetvatnet ligg og nyt solskinet.

Snart kler naturen seg i dei aller vakraste fargane.

Reinsetvatnet.

Ingen kommentarer:

Etiketter