Totalt antall sidevisninger

lørdag 29. juli 2017

Turblogg: Når ein har fjellet for seg sjølv!

Mesta 2,5 km i berre bratt oppoverbakke er ikkje berre langt, det er VELDIG langt! Torsdag hadde eg fjellet heilt for meg sjølv på veg til Vettajellet.

Der oppe ligg turmålet: Vettafjellet i Sunndal.
Det var eigentleg ei litt forunderleg oppleving. For meg var denne turen likevel ei slik trening eg trong: Å vise meg sjølv at eg kan gå på harde turar åleine.

Men la meg fortelje om turen frå starten av.
Eg køyrde opp til parkeringa øvst på Viklandet. Dette er langs den gamle gjennomfartsvegen mellom Sunndal og Øksendal. I følgje informasjonen på Stikk ut-sida, ligg denne parkeringa på 234 meters høgd. Dermed blir høgdemetra som skal forserast på turen 735 meter. Vettafjellet er nemleg 969 meter høg.

Her er skiltet som viser at stikk ut-turen startar her. Det går rett inn i skogen.
Turen startar ved stikk ut-skiltet på parkeringa, og turen går rett inn i skogen. Ein ser ganske greit kor ein skal hen. Frå parkeringa ser ikkje toppen spesielt høg ut, men jammen går det oppover og oppover ja. Det første stykket av turen går gjennom skogen på ein fin sti som akkurat no er heilt tørr på grunn av det fine veret. Når ein kjem opp til dei store mastene, dei som ein frå Sunndalsøra ser opp mot horisonten, er ein stort sett over tregrensa. Då endrar strukturen på stien seg, og resten av vegen er det mykje sand og stein, og eg er glad eg har stavane som dreg meg oppover.

Berre dumt å sjå seg tilbake når ein skal på topptur. Men stigen i skogen er tørr og fin.

Og med blikket vendt framover, går det oppover og oppover.

Etter ei stund treff ein på mastene.
I teksten på Moroturs sider (her) står det at turen går i "forholdsvis bratt terreng, enkelte bratte parti". Men eg kan fortelje at det er bratt heile vegen. Det går oppover heile vegen, og det er ingen parti kor det er naturleg å hente seg litt inn eller slakke ned litt.

Det er  kor forskjellig stigen kan opplevast i oppover- og nedoverbakke. Då eg gjekk opp, verka ikkje stigen så vanskeleg å gå, det var blant anna fordi eg hadde stavar. Eg går aldri slike bratte turar utan stavar (det er eitt av mine beste turtips for den som slit med å komme seg oppover). Då eg gjekk ned att, fortona det seg heilt annleis. Då vart eg meir i tvil om kor eg skulle gå, og måtte gruble meire, for å vere sikker på at eg ikkje trakka feil.

Her tenkte eg ikkje på oppovertur at det kunne vere ekkelt å gå nedatt. Best å vere obs i dette området høgt oppi.

Dette området kan og vere ekkelt å gå nedover, men ikkje så ille oppover.

Nærkontakt med høgspentmasta.
Oppe ved den første masta kjem den første skikkelege moglegheita til å sjå på utsikta bortover mot Opdøl og Flå og innover mot Sunndalsøra. Men endå finare blir utsikta når ein kjem lengre opp.
Eit stykke oppi skil stigen og mastene lag. Dei er ganske gigantisk store, og ein går og under ei av dei. Vidare går det oppover og oppover, og ein begynner å tenke om ein ikkje er oppe snart. Og jada, på eitt eller anna tidspunkt kjem ein opp - i blant kan det kjennast uendeleg lenge.

Utsikt mot Opdøl og Ålvundeid.
Utsikt mot Sunndalsøra.

Herleg! Snart oppe!
Så endeleg begynner eg å skjønne at eg nærmar meg toppen, og forventninga til utsikta stig. Eg har nemleg sett bilde frå toppen, og det er ei nydeleg utsikt i mange retningar, blant anna rett ned i Øksendalen.
I tilfelle det var kald vind på toppen, åt eg nista før eg kom opp. Shortsen hadde eg allereie skifta ut med langbukse, og på toppen måtte eg fram meg regnjakka og, sidan den er vindtett. Med andre ord Eg hadde brukt fornuft då eg pakka sekken, men eg hadde gløymt noko til øyrene.

Eg brukte tre timar opp. Då brukte eg tid på å ha eit matstopp og. For meg er det viktig å bruke den tida eg treng, slik at eg ikkje slit meg ut. Då blir turen rett og slett utriveleg. Ned over brukte eg noko kortare tid.

På toppen konsentrerte eg meg om å sjå på utsikta og finne boka eg skulle skrive meg inn i. Og den var faktisk ikkje heilt opplagt kor var. Så eit tips til dei som styrar med merkinga er: Hugs å sette opp stikk ut-merket på den varden kor boka ligg, eventuelt å merke varden med Vettafjellet.
Og dette var utsikta som møtte meg på toppen:

Utsikt ned til Øksendalsøyra og utover Sunndalsfjorden.

Ein større del av Øksendal. Rett over dalen er mitt neste mål - Prestegardssetra.

Resten av Øksendalen. Ein kan sjå omtrent opp til Brandstad, som er den øvste garden.

I den største varden, den næraste, ligg postkassa med stikk ut-boka og Øksendal ILs turbok.

Det var litt vanskeleg å få auge på postkassa med ein gong.

Jepp! Stikk ut-koden registrert!
Mens eg enno er på toppen av Vettafjellet, kan det vere greit å nemne at det er ikkje berre den stigen eg gjekk ein kan gå for å komme til toppen. Ein kan starte lengre borte på Viklandet og gå i frå garden Børstølen opp til Vikskaret, for så å vende mot høgre utover mot Vettafjellet. På den måten kan ein lage det til ein kjekk rundtur i staden for å gå opp og ned same plassen. Sidan eg ikkje er kjend i området, var ikkje det eit alternativ for meg.

Så var det berre å gi seg på nedovertur att. Når eg kjem ned i skogen att, blir eg påmint om kva sesong vi er på tur inn i: bærsesongen. Blåbæra er mesta heilt moden, men det manglar litt på smaken enno.
Eit stykke nede i lia finn eg ein stein eg kan kvile litt på. Og mens eg sitt der med sekken ved sidan av meg og kikkar over fjorden mot Sandvikdalen, kjenner eg meg nett som dronning Sonja på den nye statua av ho - kor ho kviler på ein av sine mange turar med sekken ved sidan av. Og med 80-åringen i tankane kan eg rusle resten av stigen ned lia til bilen.

Snart moden blåbær :)
At det blir mykje blåbær bør vere berre ein av grunnane til å ta denne turen. At det er ei god fysisk utfordring er ein annan god grunn. Gleda over å komme opp og nyte utsikta er den tredje grunnen.
Men obs, obs! Ha med rikeleg med drikke, for det er ikkje tilgang til vatn på turen.

V for victory på Vettafjellet. Ein stor siger for meg å gjennomføre denne turen på eigahand.


Ingen kommentarer:

Etiketter