1. påskedag fekk eg endeleg prøvd noko eg har tenkt på svært lenge: Topptur på ski. Her kan du få bli med på ein flott turdag i Sunndals fjell.
![]() |
Utsikt mot Ålvundeidet frå toppen av Børsetlia. Vi er klare til tur :) |
På 1. påskedag var ruta i frå Ålvundeidet. Eg hadde ordna meg med godt turselskap, nemleg den syriske kurdaren Ayaz. Han hadde akkurat lært seg å gå på ski, og hadde derfor allereie vore på Stortuva både langfredag og påskeaftan!
Så vi starta litt utpå dagen med å ta skiheisa opp Børsetlia. Her må det forteljast at det var andre gongen for både han og meg å ta skiheis... Mykje å tenke på for å halde seg på beina og få med seg alt, men heldigvis gjekk det bra for både han og meg.
Ayaz er startklar! |
"Det er veldig langt", sa Ayaz. Han er ein mann av fjellet, og i og med at han gjekk turen for tredje gong og eg berre for første gong, var det han som var den erfarne av oss.
Så då starta vi å gå. Det var overraskande lite folk på tur denne dagen, så vi hadde i praksis fjellet for oss sjølve.
Utiskt mot Sunndalsfjorden og Sunndalsfjella. |
Allereie her kan ein ane konturane av kor langt vi skal innover. Eg gjekk på fjellskia mine, og det kjentes uvant ut, så eg blei fort sliten. I tillegg hadde eg tatt på fellene på skia, og dei glei - mildt sagt - ganske dårleg... Fjorårets klister var det heller ikkje mykje nytte i...
Men til trass for at eg kjente eg blei sliten og lei, det er ikkje vanskeleg å finne motivasjon i så flotte omgivnader som vi hadde. Det var som eit vakkert måleri!
Dette var første dagen i påska med skyar, og det kom godt med, sjølv om vi hadde mykje sol. Og det var mykje varme i sola, så på veg opp angra eg meg aldri så lite på at eg hadde ullstilongs på meg.
![]() |
Her går vegen over mot Kjerringvatnet og Børsetkjerringa (til høgre) og Todalen. Den vegen skal eg gå ein annan gong. |
![]() |
Autostradaen på fjellet. |
![]() |
Her ser ein at det enno er langt att å gå. Langt inne der er turmålet. |

Som allereie nemnt, blei eg sliten og umotivert. Då vi kom øvst opp i skaret ein ser på bildet over her, viste det seg (eg var for så vidt åtvara) at det var ein bratt bakke til for å kome til toppen. Sidan eg alt veit kor dårleg eg er både på nedoverski og oppoverski, fann eg rett og slett ut at det aller luraste var å sette att skia til nedoverturen. Det var nok bakkar eg skulle ned om eg ikkje skulle ta av frå toppen. Så då sette både Ayaz og eg att skia og tok beina fatt.
Det var som nemnt andre og som brukte beina til topps påskedag. |
På bildet under her er vi mesta på toppen. Toppen er rett bak det som ser ut som toppen her. Eg måtte rett og slett setje meg ned og kvile beina!

Skitt au - dei siste høgdemetra vart altså gått til fots, så eg kom meg ikkje til topps på ski. Uansett: Det som er det aller, aller beste med slike fjellturar! Utsikta! Og heller ikkje påskedag skuffa Stortuva i all si fylde!
Ayaz møtte eg første gongen i haust, då intervjua eg han til Aura Avis. Eg hadde først fulgt han på Instagram og sett alle turbilda han legg ut. Han syntes det var veldig kjekt å bli intervjua, og eg syntes det var viktig å intervjue han. Denne turen tok vi for å følge opp det første intervjuet, og hadde reportasje i Aura Avis på fredag.
Han har vakse opp i den kurdiske delen av Syria, og kom til Noreg som flyktning for rundt sju år sidan. Han er eit forbilde med det arbeidet han har gjort for å integrere seg i Noreg. Det siste var altså skigåinga. Tre gonger til topps på Stortuva på tre dagar! Til hausten begynner han som lærling på Hydro - han skal berre ha sommarjobb der først. Eg er veldig imponert av han.
Ayaz er opptatt av at ein ikkje må gløyme kor ein kjem frå, og derfor har han alltid med seg det kurdiske flagget på tur.
Viktig å skrive seg inn i turboka på toppen. |
Fantastisk utsikt mot Flånebba (til venstre) og Smisetnebba (til høgre). |
![]() |
Turniste må ein ha, og for meg er det brødskive med kaviar og egg. |
Det var litt småkaldt på toppen, så vi skunda oss å spise og fotografere før vi snudde nasen nedover att. Då var det berre å ta beina fatt før vi fann at skia der vi sette dei frå oss.
Vel - nok om det!
Etter å ha ploga oss nedover, kom vi endeleg fram til siste, men brattaste utfordring, nemleg Børsetlia. Ennå tok ettermiddagssola øvst i bakken mens Ålvundeidet låg i skuggedalen. Her var det berre å komme seg ned og heim.
I gamle skulestilar enda alltid slike turforteljingar slik: Og alle var einige om at det var ein fin tur! Og det tenker eg rett og slett eg seier no og: Og begge var einige om at det var ein flott tur! Dette bør du få med deg neste vinter (no er det straks for seint!).
Viss du vil følge meg på Instagram, finn du meg som budeiaingunn. Viss du vil sjå på Ayaz sine bilde, finn du han på Instagram som Alan Ayaz.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar